Svarte-Mathilda

Historia om Elisabeth og hennar møte med Svarte-Mathilda er no komplett. For meg som forfattar er det både vemodig og trist å seie farvel til desse personane eg har skrive om i over fem år. Eg har sjølvsagt skrive andre ting innimelllom, noko som lesarane mine vil finne ut av dei neste åra, men Svarte-Mathilda har tatt mykje av tida mi.

Det begynte med den litt morosame ideen om spøkelset som gøymte seg i spegelen på badet, men det balla fort på seg oppi hovudet mitt, og mens eg skreiv den første boka tok historien til bok 2 og 3 raskt form. Eg tok meg også tid til å snekre saman denne korte reklamfilmen:

Det blei etterkvart ei omfattande forteljing som gjekk over fleire hundre år. Det var store mengder research involvert, spesielt til den tredje boka, der all handling går føre seg i den italienske byen Venezia. Det dumme med slik research er at nesten alt blir kutta i redigeringsprosessen, det er nyttig for meg som skriv å vite desse tinga, men det har ingenting å seie for lesaren av ein skrekkroman kva stoff kleda til hovudpersonane er laga av.

Uansett, no er eg ferdig med å skrive desse bøkene. Siste boka er komen ut, og eg gler meg til at lesarane skal finne ut korleis det går. Nokre blir kanskje skuffa over slutten, mens andre kjem til å elske den! Vi er alle forskjellige.

Eg for min del kjem til å turnere rundt på skular og bibliotek så lenge det er interesse for å høyre om Svarte-Mathilda. Eg har og laga ein mystisk og litt skummel musikkvideo/reklamefilm til boktrilogien, med musikk av den litt skumle og mystiske Arild Brakstad.

Skru opp lyden og sjå den her: (Vel 720p HD for best kvalitet)

 

Litt om dei ulike bøkene:

Svarte-Mathilda III

Detter er den tredje og siste boka om Svarte-Mathilda, og Elisabeth. Denne gongen går heile handlinga føre seg i den italienske byen Venezia. Elisabeth og Gry reiser dit for å forsøke å finne ut kva som hendte med Viggo, og for å spore opp Svarte-Mathilda. Denne gongen jakter dei på henne, men det er ikkje klar over kor vond ho eigentleg er.

Også i denne boka følgjer vi ein parallell historie, ikkje i Hardanger som i dei to føregåande bøkene. Denne gongen får vi vite meir om kvar spegelen eigentleg stammar frå, og kva som skjuler seg der inne. Handinga går føre seg i Venezia på byrjinga av 1500-talet og hovudpersonane er spegelmakarane Dario og Giovanni Gallo. Saman med gode hjelparar må dei to Gallo-brørne spore opp ein barnemordar som går laus i gatene, og det er då kjem over ein vondskap dei aldri har sett maken til.

Den tredje boka i serien er nok det mest grufulle av dei alle. Ei intens spenningshistorie der det går på nervene laus både for hovudpersonar og forhåpentlegvis også lesaren.

Sagt om boka:

"Boka er full av spenning, dramatikk og grøssande scener. Språket er levande og historia engasjerer lesaren frå første side." Magasinett.no, 03.11.13

"De som ser frem til en spennende og bloddryppende avslutning, får det i Svarte-Mathilda III. Her er barnemord, blod og speilmakeri så det holder, og en ondskap som ikke er så lett å knekke likevel." Vårt Land, 20.08.13

Trykk her for å lese eit utdrag.

Teaseren til tredjeboka er klar, denne gongen med musikk av Arild Brakstad. Sjå den her: (vel 720p HD for best kvalitet)

Svarte-Mathilda II

I Svarte-Mathilda II må Elisabeth nok ein gong stå ansikt til ansikt med det grufulle vesenet som gøymte seg i spegelen hennar. Medaljongen Elisabeth trudde ho stengte Svarte-Mathilda inne i, var ikkje det fengselet ho håpa den skulle vere.

Elisabeth og venninna Gry er på veg til Italia på språkskule. Elisabeth har blitt femten år, det er sommar og det har gått over eitt år sidan ho mista storebroren Tommy i brannen. Framleis er ho plaga av draumar og vonde tankar om Svarte-Mathilda. Ikkje minst har ho forferdeleg skuldkjensle for kva som kan ha hendt med klassekameraten Philip, som forsvant sporlaust då Svarte-Mathilda gjekk til åtak på dei.

Vel framme i Italia begynner det å skje mystiske ting. Saman med Gry skal ho bu hos ein vertsfamilie utanfor Verona, i eit herskapshus som er over hundre år gammalt. Vertsfamilien er underlege folk, og Elisabeth føler på seg at dei skjuler noko. Spesielt faren og den sytten år gamle dottera, Lydia. Men Elisabeth klarer ikkje heilt å setje fingeren på kva det er.

Og kven i all verda er det som luskar rundt i den store hagen midt på natta?

Parallelt med historia om Elisabeth blir vi kjent med Sivert. Ein liten gut som levde på slutten av 1800-talet, og som reiste rundt med far sin og onkelen og overlevde som røvarar. Dei kom til Langetungarden i Hardanger og stal med seg den gamle spegelen som Svarte-Mathilda gøymde seg inni. Ho hadde ikkje planar om å halde seg i ro lenge, endeleg kom det folk til gards.

Begge desse historiane har ein samanheng, og i begge historiane dukker sjølvsagt Svarte-Mathilda opp, men vil du vite korleis det skjer, må du vente til boka kjem ut. Eg vil ikkje røpe for mykje ...

Svarte-Mathilda II kan fint lesast sjølv om du ikkje har lese den første boka, men eg anbefaler sjølvsagt at du begynner på begynnelsen, og får med deg heile historia. Men skal du få med deg korleis det sluttar, må du vente til våren 2013, for då kjem Svarte-Mathilda III ut.

Eg har heile tida tenkt at Svarte-Mathilda skulle bli ein serie på tre bøker, og at avslutninga på historia skulle vere i Italia. Dels fordi det er eit flott land, men også fordi det er eit land rikt på historie og gamle bygningar. Heile landet er nesten som eit museum. Men med så mange gamle hus er det nødt til vere mykje urgammal vondskap skjult i dei kalde murane. Spesielt i den fantastiske byen Venezia, der heile handlinga i Svarte-Mathilda III går føre seg.

Det var òg viktig for meg å ikkje berre gjenta det eg skreiv i første boka. Bok II og III har mange nye karakterar, eit litt anna tempo og dei går føre seg i eit heilt anna miljø enn første boka. Men eg trur likevel dei er minst like skumle og spennande.

Sagt om boka:

"En skrekkelig god oppfølger."mkblogg.blogspot.no

"Tor Arve Røssland leverer varene denne gongen òg. Her er blod, drap og redslar så det held – alt i eit lettfatteleg og drivande språk."  www.nynorskbok.no

Her kan du sjå ein liten teaser til bok nr to:

Svarte-Mathilda I

Svarte-Mathilda handlar om fjorten år gamle Elisabeth som flytter inn i ei ny leilegheit saman med mor si. Dei flyttar til ein forstad til Bergen. Storebror til Elisabeth er akkurat blitt drepen i ein brann, og foreldra har skilt lag. Elisabeth merker med ein gong dei kjem inn i leilegheita at noko er gale. Det er nokon ubeskriveleg ekkelt der inne. Det heng ein gamal spegel på badet som gjer henne frysingar nedover ryggen. 

Elisabeth blir kjent med Philip i klassen, som kan fortelje henne at tjue år tidlegare blei ei jente drepen i same leilegheita. Saman med bibliotekaren Viggo kjem dei på sporet av ei vandrehistoria om Svarte-Mathilda, og historia om ei lita jente som heitte Mathilda som levde i Hardanger på 1800-talet. 

Boka fortel parallelt om opplevingane til Elisabeth og det som hendte med Mathilda på slutten av 1800-talet. Elisabeth og Philip står etterkvart framfor spegelen og seier namnet Svarte-Mathilda sju gonger ... det skulle dei ikkje har gjort. 

Svarte-Mathilda kom ut i 2010 og hausta mange lovord. Boka var mitt første forsøk på å skrive i favorittgenren min, nemlig skrekk. I ungdomstida las eg alt eg kom over av forfattarar som Stephen King, Clive Barker og Dean R. Koontz, og då eg studerte litteratur fordjupa eg meg i grøssaren. Då utforska eg verk som Dracula av Bram Stoker, Frankenstein av Mary Shelley og Dr. Jekyll and Mr. Hyde av Robert Louis Stevenson. 

Svarte-Mathilda er sterkt inspirert av skrekkfilmar, og eigne minne frå filmar som Exorcisten (1973) og Den Sjette Sansen (1999.) Desse og mange andre skrekkfilmar var viktige kjelder til mange av scenane i boka.

Her kan høyre eit utdrag frå boka:

Boka var nominert til Uprisen 2011, og her kan du lese utdrag frå nokre av bokmeldingane:

"Boka er skrevet på nynorsk, som gir den en litt “gammeldags twist” som er bra, fordi deler av boka er skildret på slutten av 1800-tallet inne i Hardangerfjorden. Det gjør det mer troverdig for meg som leser å leve meg inn i det. Boka har ekstremt gode skildringer som gjør den så troverdig, og man lever seg inn i den. Boka er skrevet i tredjeperson. Noen av virkemidlene forfatteren har brukt er utviding av øyeblikket, indre og ytre spenning, og som jeg har nevnt tidligere: gode skildringer. Det gjør at leseren blir mer fanget i boka. Boka har en god moral, at man må godta hvem man er for den man er og ikke vil være som alle andre. Den er ikke spesielt overtydelig, men kommer fram mot slutten." (Uprisen.no)

"Dette er ei råbarka spøkelsesfortelling med alle dei klassiske ingrediensane. Røssland skriv solid og levande på nynorsk, og greier den vanskelige øvinga det er å smelte saman parallellhistoriar i tid og rom." (VG)

"Skumlere enn Ondskapens hotell!" (Facebookbrukar)

"Liker du skrekkhistorier trenger du ikke lete lenger, dette er boken for deg. En troverdig myte er skapt med Svarte-Mathilda." (ungdomsboka.no)

"Boka er ein uføreseieleg sidevendar som vil få det til å gå kaldt nedetter ryggen på nokon og einkvan. Grufulle hendingar og spøkjelse står i kø, og alt skjer i eit forrykande tempo. Svarte-Mathilda er ei bok for dei som sluker bøker, men også ei bok du kan hekte ein ikkje-lesar med: Spennande frå første til siste sida." (nynorskbok.no)

"Boka er en av de beste bøkene jeg noen gang har lest, og spenningen tok aldri slutt. Det grøsser nedover ryggen når du leser om hva Elisabeth finner og gjør, og du blir helt oppslukt av den." (Uprisen.no)

Her kan du høyre eit utdrag til:

"Det skrives ikke så mange skrekk-romaner her til lands. Og når barne- og ungdomsbokforfatterne gjør det blir det ofte så enkelt at det blir teit, eller så komplisert at forfatteren ikke klarer å skru sammen en god og troverdig slutt. Men så smeller Røssland til med en real grøsser. Ikke noe babling, rett på sak, og en iskald hånd på ryggen gjennom hele boka - det liker jeg. Tror denne boka kan få mange lesere." (foreningen !les)

"Boka er psykologisk kompleks med eit særprega språk." (Allkunne.no)

"Liva til dei tre jentene viser seg å vere forbunde på okkult vis, noko som sikrar både driv og overraskingar. Spenninga stig saman med grøssar-faktoren." (Bergens Tidende)

"Spennande bøker les eg i ein fart. Det gjorde eg også med denne boka. På ein ettermiddag og kveld var ho unnagjort. Det var nesten så eg var skuffa då eg var ferdig. Er det alt over? Likevel kjennest det som om det kanskje ikkje er det siste vi får høyre om dette. Som om det kjem ei bok til. Og den boka vil eg lese!" (magasinett.no)

Den første boka var eit resultat av mange års arbeid. Opprinneleg var boka mykje lengre, med mange fleire hendingar og karakterar. Det som står igjen er blitt ei reinskåren spenningsforteljing som eg er godt fornøgd med. Både vaksne og barn kjem bort til meg og seier at dette er den skumlaste boka dei nokon gong har lese. Og eit utal bloggar fortel om kor spennande den er. Då veit eg at eg har gjort noko rett. 

Ideen til boka fekk eg av dotter mi som leika "Svarte-Mathilda" på badet med nokre veninner. Svarte-Mathilda si engelske "syster" heiter Bloody Mary. Ho har vore med i mange skrekkelege filmar og har vore opphav til mange nifse vandrehistoriar.

Heldigvis har det ikkje tatt like lang tid å skrive Svarte-Mathilda II og III, sidan mykje av arbeidet allereie var gjort då eg skreiv første boka. Fortsetjinga ser uansett ikkje dagens lys før i 2012.

Dersom du lurer på noko om Svarte-Mathilda-bøkene kan du finne mykje av det i denne linken. Men her må du ikkje gå inn dersom du ikkje har lese bøkene for her er mange SPOILERS!!!